Posta av: mona fossdal | august 30, 2011

Formgjevingsfag

Reklamefilm for Studiespesialiserande med formgjevingsfag

Ønskjer du å utvikle dine kreative evner, og samstundes lære meir i teoretiske fag? Da kan programområdet Studiespesialiserande med formgjevingsfag vere det som du bør satse på!

Er du interessert i å male, teikne eller skape noko med hendene? Eller lurer du på kva utdanning du skal satse på? Kanskje du er elev ved ein annan kreativ skule, og ynskjer å få litt idear eller inspirasjon? Eller kanskje du underviser innan programområdet Studiespesialiserande med formgjevingsfag? Her er de alle velkomne til formgjevingsfagbloggen på Mojo! Legg gjerne inn kommentarar, eller send spørsmål til faglærar Mona Fossdal viss det er noko du lurer på!

På avdeling Jølster i Vassenden har vi alle dei tre årstrinna for Studiespesialiserande med formgjevingsfag.

Her er ei oversikt over fag og timefordelig for vg1, vg2 og vg3 i SF

 

FELLES PROGRAMFAG I STUDIEFØREBUANDE FORMGJEVINGSFAG

Visuelle kunstfag: Teikning og farge, Form og materiale, og Kunst og kultur

Design og arkitektur: Produktutvikling og materiale, Konstruksjon og modellar, Teikning, og Formkultur

VALFRIE PROGRAMFAG I FORMGJEVINGSFAG

Scenografi og kostyme: Scenerom, kostyme, stilhistorie

Trykk og foto: Grafisk uttrykk, teknikk og materiale, foto, grafikk og samfunn

Visuell kultur og samfunn: Kunst og samfunn, design og samfunn, arkitektur og samfunn

Her er ei lenkje til læreplanar for programområdet Studiespesialiserande med formgjevingsfag, som ligg på nettsida til Utdanningsdirektoratet.

Studiespesialiserande med formgjevingsfag vg1

Studiespesialiserande med formgjevingsfag vg2

Studiespesialiserande med formgjevingsfag vg3

Du vil òg finne oversikt over fellesfaga for kvart av desse årstrinna på desse sidene

 

 Mona Fossdal ©   |  mona.fossdal@sfj.no  |  www.mojo.vgs.no

kategoriar

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.